Kukolas dritblogg

Friday, November 24, 2006

Krampetrekning

Wednesday, November 22, 2006

Slutt

Eg orkar ikkje meir. Baronen sa at det låg ei fersk bleie i boset idag. Det er jo ikkje akkurat dritehistorier det luktar godt av. Så sjekkar eg ut. Takk for fylgje. Sjekk heller guffen.blogspot.com.

I hate blog.

Wednesday, November 08, 2006

Snø

Her eit bilete av ein kompis som stakk innom etter at det snøa litt på Oslo Vest i forrige veke. Det du ser til høgre er toppen er mønet på huset vårt.

Stop the blog

Eg mista flyten ei stund der, heilt til Guffen melde at sida var heilt kvit. Så no var det dags for hamnskifte og eg trur me har funne vår endeleg form. Eg prøvde å finne brun. Men nei.

Sunday, October 29, 2006

Dritehistorie 4

Føler eg har truffe ei nerve i det nirske folk, og historiane berre rasar inn.

Det Bergens-baserte symfoniorkesteret Harmonien var ein gong på turné i Aust-Europa. Dei hadde ein ekstremt lang busstur mellom to konsertar, og kom til hotellet i ein eller annan by kort tid før konserten skulle vera. Dei fekk såvidt tid til å sjekka inn på romma sine før dei skulle vidare til konsertlokalet. Ein av musikantane måtte på do, og tok sjansen på å ta seg tid til det.
I dette landet var det vanleg med litt andre do-modellar enn her til lands. Sett i profil såg dei ut som ein P, der driten din vart liggjande på ei flate, og deretter skolt ned i bakenden når du drog i snora. Musikanten sette seg ned, og la ut nokre enorme kablar, før han turka seg, godt nøgd med å ha tømt magen. Han var òg nøgd når han såg kor svære mengder han hadde trykt ut, det var nett som ein liten pyramide, men han var mindre nøgd då han trekte i snora, og ingenting skjedde. Han drog i snora igjen, men det kom ikkje noko vatn no heller. Han prøvde ei tredje gong, men det vart diverre tydeleg at ingenting fungerte.

Denne musikanten var ikkje spesielt dum, og skjøna at dersom han ikkje vart kvitt dette på eit eller anna vis, kom lukta til å spreia seg over heile rommet hans, slik at det ville verta lite søvn den natta. Han gjekk difor ut på gangen, der han tilfeldigvis trefte ei vaskehjelp. Han prøvde å forklara seg på engelsk, på tysk, til og med på norsk, men ho forstod ikkje noko av det han sa. Han innsåg at det var uråd å mima kva som hadde skjedd, så han drog henne med seg inn på toalettet sitt, peika på den enorme haugen med drit som låg i doen sin, og trekte i snora. Då fungerte alt som det skulle.

Friday, October 27, 2006

Dritehistorie 3

Baronen auser av kvardagen sin:

ein dag går eg inn for å vaske urinala og ser at ei av dei blå mattene manglar i pissoaret. kan ikkje heilt skjøne kvifor nokon har lyst til å stjele dei akkurat, men men, så kjenner eg ei grusom lukt der inne, ei lukt som ikkkje berre er av urin og mannsvette, eg opnar bosskorga og der ligg den blå matta, fint lagt oppi med syltetøysida opp og ein stor turd fint dandert på toppen, ser du for deg scenarioet, en mann kjenner skikkeleg trøkk i tjukktarmen og gåt mot toaletta, alle er opptatt, kanskje ventar han ei stund for å sjå om nokre vert ledige, men etter ei tid klarar han ikkje meir, han må gå inn på urinaklet og sette seg på pissoaret, etter på, skamfull som han er etter den nedverdigande episoden (og utan toalettpapir eller papir av noko slag!!!) freistar han å fjerne bevismaterialet for skamma si....
eg må berre le når eg ser han for meg, nervøs for at nokon kjem inn sidan det ikkje er lås på døra, medan han lyftar opp sin eigen turd på den blå matta og legg den forsiktig ned i bosskorga, kanskje han berre skulle ha brukt bosskorga direkte, så hadde han jo sleppt å ta i poopen....

Thursday, October 26, 2006

Svar på gåte

Eg fekk inn eit svar frå Guffen. Han var inne på det med: Ho dreit i gangen. Men slik er det vel når ein ikkje har lov til å seie skole heime. For rett svar skulle vera: Hun dret i entreen. Så Guffen får fyrstepremien, som er ein guida tur til utedoen på Sognsvann.

Wednesday, October 25, 2006

GÃ¥te

Det ligg gull og ventar i kommentarane eg får inn. Under Dritehistorie 1 kan de finne denne herlege gåta:

Ei hushjelp mista jobben sin.
Grunnen til dette er uttrykt slik i tal:100-10-1-3-1

Svaret er å finne same stad.

Bilete er topp 2



Var i Bergen i helga. Fann ein slange i do.